Publisert: 06.04.2010 | Sist endret: 28.05.2013
I tillegg til kurs, kompetanseutvikling og nettverksbygging skal NFI:LAB også bidra til økt inspirasjon, utforsking og utfordring. Et laboratorium er et sted hvor det både utvikles og utveksles kunnskap på høyt nivå, og det er nettopp det NFI:LAB skal bidra til.
Tips sendt!
* = Påkrevd felt
NFI:LAB har definert fem satsningsområde:
- Den digitale utfordringa. Kompetansetiltak i forhold til dei nesten revolusjonære endringer som har skjedd i den audiovisuelle sektoren med bakgrunn i digitaliseringa. Dette inkluderer endring i innhald, produksjon, distribusjon og finansiering. Målsetjinga vår er at vi skal vere fremst i Norden i formidling av innovativ kompetanse relatert til digitalisering.
- Nettverkskapende tiltak. Fortrinnsvis i form av seminar og workshops der det kan skapast rom for utveksling av erfaringar og nye idear, ofte på tvers av fagkompetanse og generasjonar.
- TV-drama. Kompetansetiltak med særleg fokus på innhald/dramaturgi.
- Gjennomføre handlingsplan for betra kjønnsbalanse i audiovisuell produksjon, med særleg vekt på kinofilm.
- Internasjonalisering.
Mål: NFI:LAB skal bidra til å skape eit sterkt produksjonsmiljø, med auka talentutvikling, profesjonalitet og kontinuitet i alle delar av produksjonen.
Kursplanane annonserast halvårleg. Oversikta over kurs, seminar, verkstad og meisterklassar oppdaterast kontinuerleg på NFIs nettsider. Ein del kurs arrangerte i Oslo tilbyr reisestøtte til deltakarane utanfor Austlandsområdet. På den enkelte kursutlysinga vil det alltid gå fram om reisestøtte blir tilbydd.
Mange av NFI:LABs kurstilbod er knytt til konkrete prosjekt, slik at deltakarane kan bruke kunnskapen direkte i prosjektet dei held på å utvikle. Målet vårt er å halde eit høgast mogleg fagleg nivå for den enkelte deltakar.