Sensur

Publisert: 27.08.2010 | Sist endret: 23.09.2013

Parallelt med at talet på kinoar og filmar auka monaleg frå 1910 og utover, kom debatten om innhaldet i filmane. Mange lærarar hevda at filmen hadde ein negativ effekt på læreevna og danninga til elevane. I 1913 vedtok Stortinget Kinoloven, og etablerte Statens filmkontroll som skulle godkjenne alle filmar som blei viste på kino. I mange år blei filmane sensurerte og scener blei klipte bort før publikum fekk sjå filmen på kino. I dag har vi ikkje sensur av film, men førehandskontroll.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Relatert

Relaterte lenker

I Noreg må alle filmar som skal visast for barn og unge under 18 år førehandsvurderast og bli gitt ei aldersgrense av Medietilsynet.

Førehandssensur av film for vaksne blei oppheva i 2004 etter at Stortinget vedtok ein ny §100 i Grunnloven:
Forhaandscensur og andre forebyggende Forholdsregler kunne ikke benyttes, medmindre det er nødvendigt for at beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder.

Ingen filmar kunne etter denne lovendringa bli forbodne for vising. Slik har det derimot ikkje alltid vore.

Få år etter at kinofilmen kom til Noreg rundt 1910, starta ein debatt om dei skadelege verknadane til filmen – og då særleg i forhold til barn og unge. Debatten, som hovudsakleg blei ført an av lærarstanden og moralforeiningar rundt omkring i landet, førte til at Stortinget vedtok ei lovregulering av filmen i 1913. Det ble då innført full førehandskontroll, og alle filmar som skulle visast på kino måtte godkjennast av dåverande Statens filmkontroll.

Frå Kinoloven av 1913:
§8 De sakkyndige må ikke godkjenne billeder, hvis forevisning de mener vilde stride mot lov eller krenke ærbarhet eller virke forrående eller moralsk nedbrytende. 

Frå loven trådte i kraft har både sjølve sensurordninga og ei rekke av enkeltvedtaka vore gjenstand for debatt. Både forbod og godkjenningar har vekt reaksjonar hos ulike grupper.

Sensur på norske kinoar

 1910 – 1920: Umoral og dårlege forbilde?
Filmsensuren blei etablert i Noreg med Kinoloven av 1913. Dette var resultat av ein tre år lang kampanje ført av lærarar og moralforeiningar. På denne tida var ein spesielt engstelege for at barn og unge ville ta etter det som skjedde på lerretet. Skapsprengingar og andre forbrytarknep var spesielt skremmande: Kva om det nye mediet fekk lurt barna inn i ein kriminell løpebane?

1920 - 1930: Erotikk

Den norske filmkontrollen var svært opptatt av oppfatninga av ærbarheit som fantest på denne tida. Ein var redd for at moralsk nedbrytande scener ville påverke ungdommen i uheldig grad. Blant desse var bilde som gjengir delar av kvinnekroppen, slik som nakne leggar. Andre umoralske aktivitetar var dans og slåstkampar. Mange filmar ble klipte før dei blei tillatne viste på kino.

1930 - 1940: Utanrikspolitiske omsyn

I perioden før krigen var det tendensar til politisk filmsensur i Noreg. Dette trass i at slik sensur ikkje var tillaten. Både filmar med anti-tysk, -britisk og -amerikansk innhald blei forbodne i Noreg. Slik unnlot ein å leggje seg ut med nokre av partane. Eksempel på dette er den amerikanske Confessions of a Nazi Spy (1939), som angrip nazismen, og det svenske lystspelet Ryska snuvan (1937), som harselerer både med bolsjevismen og det svenske kommunistpartiet.

1940 - 1945: Tysk forbod

Under den andre verdskrigen tillot ikke tyskarane at amerikanske og britiske filmar blei viste på kino i Noreg, sjølv om innhaldet kunne vere uskyldig nok. I staden blei mange tyske og italienske filmar importerte, men også svenske og danske. Store amerikanske suksesser som Tatt av vinden (1939) og Casablanca (1942) blei først viste i Noreg etter krigen.

1950 - 1970: Sex og ungdomsopprør

Etter andre verdskrigen kom nye filmar som utfordra seksualmoralen. I filmar frå Sverige gjekk ein no lengre når det gjaldt nakenheit og skildringar av seksuelle handlingar. Ingmar Bergmans Tystnaden (1962) blet kraftig klipt og Vilgot Sjømans Jag är nyfiken - gul (1967) blei forboden. Dette skapte debatt om sjølve sensurordninga. I Danmark førte debatten til oppheving av vaksensensuren. I Noreg blei denne halden ved lag. Også opprørske ungdomsfilmar kom under lupa; The Wild One (1953) med Marlon Brando blei i første omgang forboden.

1960 - 1970: Vald

Innslag av vald i filmane var aukande i perioden. Nye sjangrar, som dei såkalla spaghettiwesterns, skapte problem for sensorane. Den gode, den onde og den grusomme frå 1966 ble først godkjent for vising på kino i Noreg seksten år seinare, i 1982. Filmen Bonnie og Clyde (1967) blei kraftig klipt, og diskusjonen gjekk om vald på film verkar avskrekkande eller valdsfremmande.

1965 - 1980: Narkotika 

Som i dei tidlegaste åra til sensuren var ein igjen redd for at ungdom skulle ta etter det som skjedde på lerretet. Spesielt gjaldt dette narkotikafilmane. Det var ikkje ønskeleg å vise nærbilde av nokon som sette sprøyter, dette kunne i tillegg til å vere støytande oppfattast som opplæring i bruk av narkotika. I den norske filmen Nedtur (1980) blei ein scene der det blir sett ei sprøyte klipt vekk. Då den svenske filmen Ett anstendig liv (1979) blei forboden for vaksne, men vist for skuleelevar som del av undervisinga, blei avisene fylte av sinte innlegg.

1980 - 1999: Dei siste tabuar brytast?

Vi har dei seinare åra fått filmar med ein ny og ironisk distanse til vald. Filmar som Wild at Heart (1990), Pulp Fiction (1994) og Natural Born Killers (1994) skapte debatt om ultravalden. På video fann splatter-filmane ein stor marknad. Forbodet mot å vise kjønnsorgan i rørsle stod framleis ved lag i loven, men både den franske Jesu liv og den danske Idiotene passerte sensuren i høvesvis 1997 og 1998, utan at slike scener blei klipte bort. Nekrofili ser ut til å vere blant dei siste tabuane på film; Kald måne (1991) blei forboden. Filmen Kissed (1996) hadde same tema, men gjekk ikkje fullt så langt på bildesida. Denne blei tillaten vist på kino i Noreg i 1998.

2000:  Vaksensensuren stoppar, men framleis innhald som er forbode

I 1999 forbaud dåverande Statens filmtilsyn den japanske filmen Sansenes Rike (fra 1976). Distributøren klaga vedtaket inn for den nyoppretta Filmklagenemnda som omgjorde vedtaket og godkjente filmen for vising i februar 2001. Etter dette har ingen filmar blitt forbodne for vising i Noreg. I 2004 vedtok Stortinget at førehandssensuren for vaksne skulle opphevast. Sjølv om ingen filmar lenger kan bli forbodne av Medietilsynet, er det likevel ikkje lov å vise alt. Filmar som inneheld ”utilbørlig bruk av grove voldskildringer i underholdningsøyemed” (straffeloven § 382), eller ”nærgående og omfattende skildringer av seksuell aktivitet” (filmloven §13a) er ikkje lov å vise på kino. Det er kinoen sjølv og distributøren som er ansvarleg for å sørgje for at innhaldet som visast ikkje er i strid med desse lovane.

I 2004 blei paragrafen om ytringsfridom i Grunnloven endra. Det blei slutt på all førehandssensur for publikum over 18 år. Sjølv om filmsensuren for vaksne er oppheva, er ikkje alt lov på film. Straffeloven har framleis avgrensingar når det gjeld skildringar av vald og pornografi. Debattane har stort sett handla om aldersgrenser på filmar. Klagenemnda for film og videogram og Barneombodet har involvert seg særleg når det gjeld aldersgrensen på 11 år for filmar som triologiane Ringenes Herre (2001, 2002 og 2003) og Twilight (2008, 2009, 2010).

Medietilsynets filmdatabase inneheld fakta om alle spelefilmar som er vurderte og registrerte sidan 1913, lenke til denne finn du ovanfor.